Internett blei ikkje som planlagd, det blei mykje betre. Dei små tinga er dei viktigaste her i livet. Det har vist seg at Internett er ikkje blitt dei store tinga, men summen av dei små.
Video over nett har vore snakka om så lenge eg har vore i Uninett (sidan tidleg i 1994) og det står framleis på planen for neste år (og litt for i år). Tungreknarane er ei anna brukargruppe som det var lett å sjå for seg trong store ressursar.
Genererer små trafikkstraumar per brukar, men totalsummen blir stor.
Gamle og nye tenester. Er P2P berre ein ny måte å gjera ftp på, der brukarane slepp unna dei administrative kostnadane ved å setja opp brukarkontoar?
Open programvare - dugnad
Ungdommen raggar på stripa, brukar timesvis på å køyra opp og ned. Dei tar heile vegen, nett slik ungdommen sin Napsterbruk gjer. Det fine med Napster er at det ikkje skræmer gamle damer frå å gå ut om kvelden
Det er ein sjølvsagt ting å reparera litt på det som kunne vore annleis. Slik har geek-kulturen også vore, dei går også med kniv. Tilpassa og reparera - gå med kniv
Alle newsgrupper og dei fleste store diskusjonslister har sine bygdetullingar. Nokre møter bygdedyret, andre lever lukkelege med sine illusjonar.
Alle kommunar med respekt for seg sjølv har prøvd å få svømmebasseng, småflyplass, idrettshall og kulturhus. På same vis har Tungrekning og video tilsvart småflyplass og idrettshall i Internettsamanheng.
Tenester organisert på ein måte som ikkje passar inn i dagens samfunn døyr. Ein av grunnane til at X.400 døydde var kostnadsstrukturen (betaling per melding ville blitt veldig dyrt for dei som skulle ha meg i arbeid), på same vis som for postkontora rundt om i bygdene.
Handelslaget, og hjørnet utanfor, var den plassen det blei fretta nytt, og der det var full oversikt over kven som var kvar. Vegen gjekk forbi, og hjørnet var som ein slag sentral ICQ-tenar. Skravletenester er viktige for å lima saman dei ulike delane som bygda består av.
Det er lov å spørja om hjelp, og du risikerer at hjelpa kjem ubedd.
Alt du gjer på Internett blir logga, eller i det minste kan det vera slemmingar som held auge med deg. Dette liknar mykje på å veksa opp i ei lita bygd der kaffikoppen og kikkerten står mellom Flittig-Lise i vindauget.
Dei seier at kyrkjene på bygda er tomme, men det er tre gonger så mange til stades på ei gjennomsnittsgudsteneste som på kino. Dei seier at e-handel ikkje har slått igjennom. Stalin sa at det berre var gamle damer i kyrkja, og no seier dei at berre nerdar handlar på nett. Det er vel sånn omtrent like sant.
Det alle snakkar om er ikkje det same som det alle gjer. Og vi er vant til å leva med forskjellen
Det store skinnande skulehuset lyser over bygda. Det store skinnande Forskingsnettet lyser til alle høgskular. Utdanning er viktig og må få meir enn andre ting.
Namnekollisjonar er eit problem. Sjur Helgeland var det mange som heitte, så han blei kalla Brita-Lars-Sjur, noko som minner om måten vi ender opp med domenenamn.
Det som er populært er svært populært, og der er det meste likt (kan velja mellom ulike alternativ, men vala er få og du må ta det du får).
Weblesaren er staden for å lesa epost, enten via webmail eller fordi weblesaren har ein epostklient. Og snart er det berre butikken som er igjen i bygda.
Alle tenester skal sentraliserast inn i weblesaren, på same vis som butikkar og offentlege kontor og andre tenester blir samla i kjøpesentra under same glasstak.
Nordmenn er ein gjeng individualistisk stabeisar med nok pengar til å kjøpa utstyr og betala for kommunikasjon. Og tydelegvis eit umetteleg behov for å snakka til kvarandre og informera naboen om kva dei veit best.
Internett blei ikkje som planlagd, det blei mykje betre. Dei små tinga er dei viktigaste her i livet. Det har vist seg at Internett er ikkje blitt dei store tinga, men summen av dei små.